No blir førarkortet digitalt

Vegdirektoratet har sendt eit forslag om ei regelendring for å leggja til rette for digitalt førarkort på høyring.

– Det betyr at du ikkje lenger treng å ha med deg det fysiske førarkortet når du berre skal køyra deg ein liten tur, seier samferdsleminister Jon Georg Dale i ei pressemelding.

Eit digitalt førarkort vil vera tilgjengeleg via for eksempel mobiltelefon, og vil vera eit frivillig, gratis supplement til dagens fysiske førarkort.

– Det vil framleis bli skrive ut fysiske førarkort, både til dei som får førarkort for fyrste gong, og ved fornying. Det fysiske førarkortet må framleis takast med ved køyring i utlandet, står det å lesa i pressemeldinga.

Den tekniske løysinga for det digitale førarkortet blir utvikla for å ivareta omsyn særleg til tryggleik, design, brukarvennlegheit og personvern.

– Det blir arbeidd med sikte på at publikum skal kunna ta tenesta i bruk i løpet av hausten 2019, heiter det i pressemeldinga.