Nær kvart femte gardsbruk lagt ned dei siste ti åra

Frå 2008 til 2018 er nesten kvart femte norske gardsbruk – 18,9 prosent – lagt ned, viser tal frå SSB.

innenriks

I 2018 vart drygt 700 nye gardsbruk lagt ned, tilsvarande 1,8 prosent, ifølgje Statistisk sentralbyrå (SSB). Det er noko lågare enn den årlege utviklinga i perioden frå 2008 til 2018, då det i fleire år vart lagt ned rundt tusen gardsbruk.

I same periode har jordbruksareal i drift vorte redusert med 4 prosent, noko som kan tyde på at norsk jordbruk går i retning av færre og større bruk. Det registrerte jordbruksarealet i drift utgjorde 9,86 millionar dekar i 2018, omtrent på same nivå som i 2017.

Kvart bruk hadde i gjennomsnitt 248,7 dekar jordbruksareal, opp frå 244,2 dekar i 2017. I tiårsperioden har jordbruksareal i drift brote ned på talet på gardsbruk auka frå 209,8 dekar – tilsvarande rundt 18,5 prosent.

(©NPK)

Fjordabladet ønsker en åpen og saklig debatt. Alle innlegg blir kontrollert etter publisering. Vi forbeholder oss retten til å forkorte, redigere og fjerne innlegg.

innenriks