Færre asylsøkarar i EU

Talet på asylsøknader i Europa fortsett å falle kraftig i 2018. Talet på asylsøkarar er meir enn halvert på to år.

utenriks

Det vart levert 634.700 asylsøknader i EU i fjor, opplyser EUs asylbyrå (EASO). Det er ein nedgang på 10 prosent frå 2017.

Nedgangen er likevel ikkje så stor som han var frå 2016 til 2017, då talet på asylsøknader fall med heile 44 prosent.

Talet på søknader er no falle til nivået ein hadde før den store flyktningstraumen frå Midtausten til Europa i 2015.

I same periode har opphavslandet til asylsøkarane endra seg. Mens éin av fire asylsøkarar i Europa var syrarar i 2015 og 2016, var delen redusert til éin av ti i 2018.

Samtidig har delen søkarar frå Colombia, Georgia, Iran, Palestina, Tyrkia og Venezuela auka. Dette trass i at innbyggarane i fleire av landa kan reise visumfritt til Europa.

Likevel var det framleis flest asylsøkarar frå Syria, følgd av Afghanistan og Irak i fjor.

(©NPK)

Fjordabladet ønsker en åpen og saklig debatt. Alle innlegg blir kontrollert etter publisering. Vi forbeholder oss retten til å forkorte, redigere og fjerne innlegg.

utenriks