Kalde vinterdagar i vente

Måndag starta med minusgrader over stort sett heile landet, og det er venta ein kjøligare vêrtype utover veka og til helga. På Austlandet blir det truleg ned mot 15 kuldegrader. Vakthavande meteorolog Håvard Thorset er likevel forsiktig med å kalle den gradvise vêrendringa eit «kuldesjokk».

– Eg synest det er å dra det litt langt å kalle det eit kuldesjokk. Førebels er det vanskeleg å seie detaljert kor kaldt det kjem til å bli, men det ser ut til å bli ein kjøligare vêrtype i heile landet fram mot helga, seier Thorset.

Han fortel at det er venta litt varmare vêr på onsdag før det igjen blir kaldare temperaturar og klarvêr mot helga. Slik prognosane ser ut no, vil det kunne falle snø på Austlandet onsdag, medan nedbøren sørover truleg vil komme som regn.

Vestlandet fekk ein god del snø natt til måndag, og ifølgje Thorset ser det ut til at ytterlegare snømengder kan komme utover veka. I Nord-Noreg har det allereie falle mykje snø.

– Indre strøk av Finnmark og Nord-Noreg er venta å få dei aller lågaste temperaturane ned mot 15-20 minusgrader, seier Thorset og forklarer at det er kalde luftmassar frå nord som gjer at det blir kjøligare i heile landet.

Han fortel at mindre vind mot helga og klarvêr truleg vil gi minusgrader ned mot 15 minus og fine vinterdagar, spesielt på Austlandet.

(©NPK)

Det blir kaldare i heile landet utover veka og til helga. Kanskje freistar vinteraktivitetar som skøyter i vinterkulda. Her på Jonsvannet i Trondheim. Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix