No får flyktningane i Lærdal gratis førarkort

Det er nettavisa Porten.no som melder dette torsdag.

Forslaget om gratis førarkort vekte stor merksemd då NRK fortalde om det i oktober.

– Vi har vedteke å gi alle flyktningar høve til å ta gratis førarkort, og vi brukar av tilskotet til flyktningar. Vi ser på det som eit godt vedtak fordi det er med å hjelpe integreringa på ein god måte, seier ordførar i Lærdal Jan Geir Solheim (Sp) til NRK.

Solheim meiner tiltaket vil føre til at flyktningar kan delta meir i aktivitetar med borna, og at dei kan pendle til jobb.

– Vi ser at det er veldig viktig at også flyktningar får moglegheit til å køyre bil.

– Forskjellsbehandling

Stortingsrepresentant for Framstegspartiet og leiar av Arbeids- og sosialkomiteen på Stortinget, Erlend Wiborg, reagerer på vedtaket. Han kallar ordninga særbehandling, og meiner det kan gjere integreringa vanskelegare.

– Eg synest det er forkasteleg at ein skal ha ei forskjellsbehandling. Flyktningar skal få gratis førarkort, mens resten av befolkninga må spinke og spare for å få råd til dette, seier Wiborg.

Erlend Wiborg i Frp
IMOT: Stortingsrepresentant Erlend Wiborg (Frp) er imot at flyktningar skal få gratis førarkort.
Foto: Siv Sandvik / NRK

– Enten bør ein gjere det gratis for alle, eller så bør det ikkje vere gratis for nokon.

– Lærdal og liknande stader har ikkje nødvendigvis eit godt kollektivtilbod. Kan det ikkje då vere ein god ide at flyktningar får førarkort og for å kunne delta på aktivitetar og køyre til jobb?

– Eg ser at kollektivtilbodet nødvendigvis ikkje er så godt i Lærdal og andre stader i distrikta. Men det problemet er like stort om du er etnisk norsk, flyktning eller flyttar dit frå andre stader i landet, seier Wiborg.

– Viktig på bygda

Det var Viktor Yttri, lokallagsleiar i Senterpartiet i Lærdal, som kom med forslaget om å gi flyktningar gratis førarkort. Han er glad for at formannskapet no har gått inn for dette.

– Det er pengar som følgjer flyktningane. Då gjeld det å bruke dei på ein måte som gjer at dei blir integrert best mogleg, seier han.

Viktor Yttri
GLAD FOR VEDTAKET: Viktor Yttri (Sp) foreslo den nye ordninga i Lærdal. Han meiner dette er ei løysing som vil vere positiv for integreringa der.
Foto: Kaia Johnsen Viki / NRK

– Då meiner du dette er ei god løysing i Lærdal?

– Lokalt i Lærdal meiner eg dette er ei god løysing, med dei utfordringane som er når det gjeld kollektivtilbod. I Oslo må kanskje andre verkemiddel brukast for å integrere. Førarkort er veldig viktig for dei som skal bu på landsbygda, seier han.

– Blir meir sjølvhjelpne

Ideen om at alle flyktningar med bustad i Lærdal no skal få dekt utgifter til førarkort førte til mange reaksjonar i sosiale medium.

Særleg gjekk dette utover Viktor Yttri i Senterpartiet som opplevde å bli kalla forrædar.

– Det er viktig for integreringa at vi tek oss råd til dette no, slik at flyktningane blir meir sjølvhjelpne og kjem seg inn på arbeidsmarknaden, sa Yttri til NRK i oktober.

Ymse reaksjonar

Ordførar i Lærdal Jan Geir Solheim fortel at dei har fått ymse tilbakemeldingar i etterkant av vedtaket.

– Veldig mange er positive, men eg skjønnar at ikkje alle kan vere samde i vedtaket, seier han.

Til porten.no seier Solheim at han er frustrert over korleis situasjonen har vore hittil. Han er glad for at formannskapet i Lærdal i dag stiller seg bak forslaget.

– Det er synd at folk som kjem frå visse delar av verda, ikkje får godkjent førarkortet sitt på ein enklare måte, seier ordføraren.