Fjord1 vann ferjekontraktar verdt 2,1 milliardar

Det går fram av ei børsmelding frå Oslo Børs fredag.

Møre og Romsdal fylkeskommune har fredag innstilt Fjord1 som vinnar av fire ferjesamband. Kontraktsperioden er frå 1. januar 2020 til 31. desember 2033.

– Kontrakten er verd 2,1 milliardar kroner. Dette er samband vi allereie driftar i dag, så det er kjekt å vinne dei att, seier administrerande direktør Dagfinn Neteland i Fjord1.

Ferjeselskapet konkurrerte mellom anna med Norled om kontraktane. Totalt er det 12 ferjer som skal drifte dei fire sambanda. Av dei er to elektriske.

– Vi er desidert det leiande selskapet i Møre og Romsdal. Vi har hatt fleire kontraktar der enn i Sogn og Fjordane i mange år. Dei er Norges største ferjefylket, seier Neteland.

Det blei ingen stor feiring av kontraktane i dag. Det skal dei ta igjen ved eit seinare høve.

– Vi vestlendingar er jo eit nøkternt folkeslag. Vi åt vaflar i lunsjen i dag, men det har vi kvar fredag. Ein større fest for bli seinare. Vi må jo feire – dette er jo veldig kjekt å få i boks, seier direktøren.

For tida held selskapet på å rekne på eit nytt anbod i Møre og Romsdal: Molde – Vestnes.

– Det er ei stor kontrakt som vi skal levere anbod på før jul. Blir spennande å sjå om vi får det og, seier Neteland.

20. november legg Fjord1 fram resultatet for tredje kvartal.

– Så det er berre å følgje med! oppmodar Neteland.

image