El-ferja Ampere har no køyrd tilsvarande seks gonger rundt jorda

– Det er ein milepæl som må feirast med kake, når vi har gått så langt som seks gonger rundt ekvator, seier Inge Andre Utåker som er regionsjef for ferjer i Norled.

Den heilelektriske ferja Ampere fekk ein tung start med store problem i byrjinga, og mange avgangar vart kansellerte. Men no fungerer alt som det skal for ferja som var verdas første i sitt slag.

– Vi er svært stolte over det vi har fått til, og at det går så bra som det gjer, seier Utåker.

Stille over fjorden

I tillegg til at Ampere ikkje har utslepp av eksos, går den også svært stille over fjorden, samanlikna med ferjer med dieselmotor.

Steinar Johnsen, kaptein på Ampere,
SEGLAR EKSOSFRITT: Steinar Johnsen er kaptein på Ampere.
Foto: Ole Kollstrøm Heilevang / NRK

– Eg hugsar eg kom igjen etter å ha tatt ei ekstravakt på ei gammal dieselferje. På den første turen på Ampere etterpå, så var det så stille at eg lurte på om det var noko eg hadde gløymt å starte, fortel kaptein Steinar Johnsen.

Etter ei rask hovudrekning kjem han fram til at han har vore med på 10 000 av dei 40 000 turane ferja til no har gått over Sognefjorden.

– Det er eit svært behageleg arbeidsmiljø om bord med tanke på kor stille ferja går, seier Johnsen.

Utstillingsvindauge

Som ny kom Ampere inn som ei av tre ferjer på sambandet Lavik Oppedal. Dei to andre ferjene på sambandet var dieseldrivne. Det meiner Utåker var eit lurt trekk.

Inge Andre Utåker, regionsjef for ferjer i Norled
FEIRAR: Inge Andre Utåker er regionsjef for ferjer i Norled.
Foto: Ole Kollstrøm Heilevang / NRK

– Dersom det skulle gå gale så hadde ein framleis to ferje i drift.

For Ampere var den aller første i sitt slag, og hadde sin del av barnesjukdomar. Til stor frustrasjon for både mannskap og passasjerar.

– Vi kjende jo på at vi ikkje fekk gjort ein så god jobb som vi ynskte. Aller helst ville vi jo ha med alle bilane og gå alle turane, seier kaptein Johansen.

Etter at dei i fjor fekk orden på ladeproblema så har det knapt vore kanselleringar.

– Ampere var ei revolusjonerande endring. No kjem det innslag av elektriske ferjer over alt i landet. sjølve har vi no sju ferjer under bygging, seier Utåker.