«Det store mangfaldige» «vi» skal vi halde fast på, for det motsette er farleg»

Venner.

Eg er glad for at det er eit stort «vi» på denne skolen. Ikkje eit snevert «vi» i motsetning til eit «dem». Eit menneske er eit menneske, uavhengig av kjønn og etnisk bakgrunn. Uavhengig av hudfarge og religiøs bakgrunn. Uavhengig av kulturell identifikasjon. Det store mangfaldige «vi» skal vi halde fast på, for det motsette er farleg. Direkte livsfarleg kan det vere, det motsette. Ikkje berre for den som blir utdefinert, men au for den av dei akseptable som nektar å vere med på å utdefinere.

Idag minnest vi Krystallnatta, den natta i 1938 da den nazistiske forfølginga av jødane i Tyskland tok til for fullt. Synagogar, boligar og butikkar blei brent ned, hundrevis av menneske blei slått i hel, tusenvis mishandla og titusenvis sendt til konsentrasjonsleirane.

Og likevel var dette berre starten på det folkemordet som skulle komme, Holocaust. Forsøket på total fysisk utrydding av heile folkeslag i Europa, jødane og sigøynarane. Ned til siste spedbarn. Eit folkemord som ikkje berre skjedde i dødsleirane, men òg i skogar og langs vegar i det naziokkuperte Aust-Europa.

Den planmessige nazistiske desimeringa av dei slaviske folkeslaga skal heller ikkje gløymast. Det er ikkje tilfeldig at 27 millionar sovjetborgarar mista livet under den andre verdskrigen. Dei fleste av desse var sivile. Dette var eit resultat av ein bevisst og rasistisk nazistisk okkupasjonspolitikk. Polen og Jugoslavia blei au òg svært hardt ramma av denne rasistiske okkupasjonspolitikken. Planen var at dei slaviske folkeslaga skulle reduserast drastisk, og restbefolkninga skulle miste alle rettar og brukast som slavearbeidskraft under tyske godseigarar og kapitalistar. Fordi også dei var «undermenneske».

Korleis kunne alt dette skje? Holocaust og den bevisste desimeringa av f.eks. polakkar og russarar? Det er eit spørsmål som ikkje er lett å svare på. Det er jo for gode og rett-tenkande menneske eigentleg eit mysterium. Men det begynte iallfall med ei systematisk utdefinering av menneske som menneske. Med ei gradering av menneskeverdet. Ei rangering av menneske i «rasar» med ulik verdi. «Rasar» – det finst jo berre ein, homo sapiens. Men det rasjonelle bit ikkje på dei irrasjonelle – rasismen er irrasjonell. Gradvis vart det psykologiske grunnlaget lagt for godtaking av – og deltaking i – folkemord. Det begynte med ord, hatprat. Systematisk hatprat. Og så heldt det fram derifrå. Med diskriminering, utestenging, stempling, registrering, merking – bokstavleg tala merking. Eg tenker på den obligatoriske gule «jødestjerna» jødane måtte gå med.

Særleg jødane blei bruka som syndebukkar, og rasistisk lovgiving gjorde det stadig vanskelegare for dei i Tyskland etter at nazistane tok makta der i 1933. Krystallnatta var ei valdeleg opptrapping av forfølginga som såleis var førebudd i årevis. Og i 1941-42 – etter åtaket på Sovjetunionen – som offisielt blei kalla ein «rasekrig» frå nazistane si side, blei det så vedtatt, det som blei kalla ei «endeleg løysing» – å ta livet av alle jødar i heile Europa. Alle. Total utrydding, ned til siste spedbarn. Ei endeleg løysing på det som blei kalla «jødeproblemet» – det problematiske for nazistar i at jødiske menneske i det heile tatt finst. Dødsfabrikkane blei etablert, utprøvd og tatt i bruk. Auschwitz er berre den mest kjente av eit heilt nettverk av dei. Holocaust. Forsøket på å myrde eit heilt folk.

Men pass no på: Kven blir bruka som syndebukkar i Europa neste gong? No i dag? Muslimar kanskje? Kven mistenkeleggjer heile folkeslag no? Og i USA ikkje berre muslimar, men au latin-amerikanarar og – faktisk – jødar. På ny. Angrepet på ein synagoge i Pittsburgh nyleg, der 11 menneske blei drepne, er berre eitt av fleire nylege eksempel. Valdeleg høgre-ekstremisme aukar, og blir oppmuntra av hatprat frå høgste hald i landet.

Her i landet hadde vi drapet på Benjamin Hermansen – ein norsk gut med norsk mor og afrikansk far – eit heilt klart rasistisk motivert drap – men au og ikkje minst Utøya: Behring Breivik var og er ein fascist av verste slag. Ein som handla der andre hadde lagt grunnlaget med propaganda – og der andre framleis gjer det. Den høgre-ekstreme propagandaen som framstiller «Vesten» som under ein slags invasjon av muslimsk innvandring, der det ligg føre ei samansverjing, ein konspirasjon, for muslimsk overtaking av Europa, «Eurabia», den propagandaen berre held fram. Akkurat slik det falske dokumentet «Sions Vises protokollar» blei brukt av jødehatarane i fortida – og av somme den dag i dag. Eit dokument som liksom «beviste» at det fanst ein jødisk konspirasjon for å ta makta i verda. Men det var ei forfalsking, laga av den russiske tsaren sitt hemmelege politi, Okhrana. Men hatarane bryr seg ikkje om sanning, om at dei spreier løgner, dei berre held fram. Tru ikkje på dei, tru aldri på dei. Dei lyg, og dei lyg med vilje, for å fremme sin eigen agenda – splittelse, vald og diktatur.

Husk: Gasskamra i Auschwitz var ikkje begynnelsen. Det var slutten, konsekvensen av ein viss tankegang, av ein prosess av hatprat og bevisst misbruk av fordommar. Vegen frå fordom til folkemord kan vere kortare enn ein trur.

Vi må ha ein konstant beredskap mot all rasisme. Heile tida må vi vere på vakt mot denne gifta, og ikkje la ho spreie seg. Den rasistiske gifta er dødeleg. Slå ring om det store «vi», fellesskapet. Vi har ulike kjønn, ulike hudfargar, ulike etniske og religiøse bakgrunnar, ulike kulturelle identifikasjonar. Men vi har meir felles, det viktigaste felles: Vi er alle menneske. Og eit menneske er eit menneske. Punktum.